Dette
stykket kunne vore ein syttandemai-tale. Eller kan henda rettare sagt, det
burde vore ein syttandemai-tale. Underskrivne er nemleg ovkeid av vasne,
drøvtygde syttandemai-talar der han kvar einaste syttande mai vert innpoda med
det same anti-nasjonalistiske oppgulpet uppatt og uppatt, krydra jamvel med
herming av «Internasjonalen», som endåtil har fått eiga rom i «den store
barnesangboka» [1]
Syttande
mai er som kjend nasjonaldagen vår. Det gjer faktisk syttande mai til ein dag
der nasjonalismen, og nasjonalistiske kjensler, burde stå i høgsetet.
Vandemålet
er og blir berre at ’bolsjevikane’ [2] , i stor grad har teke kontroll over språket
vårt, som i ’beste’ Orwell-stil har vakse fram til å vera overvelda av ein
’nytale’ der ord, har fått heilt andre meiningar enn det dei opphaveleg hadde.
GJENOM SPEGELEN
Den britiske forfattaren Lewis Carroll skriv i boka «Alice gjennom speilet og
det hun fant der» at
då Alice gjekk gjenom spegjelen blei det svarte kvitt og det kvite svart. Det
er eit godt bilæte på vår tid.
For å
greida dette nærare ut, lyt eg definera umgripet ’nasjonalisme’ nærare.
Eit onnor
ord for ’nasjonalisme’ er ’fedrelandskjærleik’
. Det er det som er samlad i
fedrelandssongen vår, «Ja, vi elsker!» og som segjer at «Ja!» me elskar dette landet, sossom det reiser seg over vatni, furdut og
verbite, dette landet som Harald berga, Håkon verga, og som Olav med blodet
sitt malte krossen på. Dette
landet,
er me som nasjonalistar viljuge til å slå lægr for – og døy for, om so skulde
vera… Det er ogso ei kjendsla eg trur dei aller
fleste nordmenn og -kvende deler.
Det er nasjonalisme
i eit nataskal.
Kva er
det då ’bolsjevikane’ meinar når dei snakkar om ’nasjonalisme’ i negativ
ljossetting? Eg vågar hevda at det dei tenkjer på er ei vrengjing av
nasjonalismen som sovore, anten ved å leggja eitkvart til eller trekkja
eitkvart frå nasjonalismen [3] .
Sluttproduktet vert dermed noko heilt anna enn det røynelege, og noko me difor
lyt taka uppgjerd med, medmindre me skal verta fanga i göbbelske snarer, eller
som Sir Walter Scott seier det i det episke diktet «Marmion»:
«Åh, for ein vasete vev me vevar, når
fyrst me freistar å forgjera»
. [4]
NAZISMEN OG
ULTRANASJONALISMEN
Det sérmerkte
med nazismen [5]
, er deira ultranasjonalistiske [6]
framstilling av (serskilt) det tyske
idealet som ’betre’ enn ’alle andre’ nasjonale ideal. Her er det viktig å skyna
at utleggingi av ordet ’nazisme’ er nasjonal-sosialisme. Det var dette som kom
fram i det verset som ikkje lengre vert sunge offisielt som ein del av den
tyske nasjonalsongen: «Deutschland,
Deutschland, über alles» . [7]
Med
ultra- som fyrenemning meines med andre ord at nazismen ynskte å fremja sine verdiar,
sine tankar, sin kultur som meir verd, betre, finare og meir høgvyrd enn andre
nasjonale kulturar, samstundes som jødisk kultur vart rekna for mindreverd og
urein.
Difor
fanst det ikkje rom for eit ’fargerikt fellesskap’ i det tyske riket. Alt skulde
einast, underleggjast og korrigerast etter det tysk-kulturelle idealet. Den som
ikkje vilde bøygja seg, bli eit A4-menneske, skulde bøygja seg – eller
tvangsbøygjast. Den som ikkje let seg tvangsbøygja, måtte eliminerast.
Her er
forrestan tydelege parallellar til grunntanken i islamsk filosofi – og som kjem
til yta i kampropet «allahu aqbar» – allah
er større . Det er difor ikkje til å undra seg over at Hitler og
stormuftien av Jerusalem fann kvarandre gode vener – og at «stormuftien»
Haj-Amin al-Husseini kunne segja: Halvmånen
og Hakekrossen har ein sams fiende: Davidsstjerna.
Det er
med botn i sovorne kulturar at det vert rom for tankar om ’dhimmi’ og
’üntermensch’ – at det finst menneske som er mindre verd enn andre, noko som
ikkje berre er i strid med Guds Ord, men med menneskerettane, slik dei er
fasttømra i FN si verdserklæring – og før det i den amerikanske
sjølvstendeerklæringi.
Med
utspring i desse tankar, fekk ein fyrst Nürnberglovene, som forbaud ’ariske’
tyskarar å gifta seg med jødar, og seinare fekk jødar heller ikkje sitja i t.d.
offentlege posisjonar, eller inneha framståande posisjonar som advokatar, etc.
KOMMUNISMEN OG
SUPERNASJONALISMEN
Marx,
Engels, Lenin og Stalin sine læresetningar, på hi sida, var
supernasjonalistiske (alt. Internasjonalistiske). Utleggingi av ordet
’supernasjonalisme’ tyder ’over-’, ’høgvyrd’, ’ein betre form for’
nasjonalisme. Dette kokar ned til tanken um at ein ynskte eit
internasjonalistisk samfund – ei samla verd – under ein leidar – med ein sams
ideologi; kommunismen, eller om du vil, sosialismen.«
Her var
det ikkje det kulturelle som var det viktugaste, men det ideologiske. Ogso her
skulde ein djupast set vera samde um alt – og difor var det heller ikkje her
rom for eit røyneleg ’fargerikt fellesskap’.
Folk vart
tvangsflytta frå ein del av landet – til ein annan. Dei fekk knapt taka med seg
det dei stod og gjekk i, og innan 24 timar måtte sume fara frå Riga til Omsk,
frå Leningrad til Magadan, eller frå storbyen til
der-ingen-skulde-tru-at-nokon-kunde-bu.
Sume
kulturelle verdiar, som mattradisjonar, songar og dikt, kunde korso ikkje
takast frå deim, og desse vart difor naturleg, um enn unaturleg kontrollert,
spreidd over heile det russiske imperiet. Sibirske «pelmeni» vart ein
interrussisk matrett, i staden for berre sibirsk, og ukrainsk «borsch» vart
same lagnaden ved del.
Samstundes
var det ved lov forbôde for sovjetiske kvende å gifta seg med ikkje-sovjetiske
borgarar, og det same gjaldt sovjetiske menn, arvematerialet korkì skulde eller
kunde ’utvatnast’ eller ’svekkjast’ so og segja. Bestefar til kona mi, hevda,
ifylgje kona mi, strengt at ingen av hans ætt nokon gong skulle giftast med ein
ikkje-sovjetar.
Grunntanken
i læra er og blir dermed verande den same.
Her er
det forvitneleg å trekkja fram Winston Churchill:
«Fascism was the shadow or ugly child of Communism. […] As Fascism
sprang from communism, so Nazism developed from Fascism» [8]
GLOBALISERING
’Globalisering’
er eitt heitt tema i vår tid. Når det er sagt, må ein kunna understryka at
’globalisering’ ikkje er det same som ’globalisme’ – og ogso at ’globalisering’
ikkje er udelt negativt.
I ei
globalisert verd kan til dømes eg og du reisa nær sagt kvar me vil, vitja kven
me vil, eta kva mat me vil, og um me finn einkvan me elskar – gifta oss med denne
personen – på nær sagt eigne premissar.
’Globalismen’
derimot snakkar varmt um ’einskap på tvers av landegrensor’ og er ein slag
sekularisert «ekumenikk». Ein ivrar etter å riva ned grensone, skapa ei
verdsregjering, som skal styra alle menneske på tvers av kulturar er til
sjuande og sist ei samansmelting av sosialismens, fascismens og nazismens
framste ideal – statsismen, for
å skapa ein slag ytre einskap, som djupast set aldri blir anna enn ein
falsk einskap.
Det handlar
um staten si absolutte makt over deg og meg. Det handlar um at dine og mine
born til eikvar tid kan takast i frå oss og setjast bort til indoktrinering.
Det handlar um fridom på staten – ikkje individets – premiss, og den dagen det
vert ein røyndom – har ikkje manneætta lenge att.
Den amerikanske grundlovsfaderen Samuel Adams sa i ein tale
til den interstatlege regjeringa i Pennsylvania den 1. august 1776:
«Ver ved godt mot brør, landsmenn, dette
handler ikkje berre om fridom for oss sjølve, men om det skal finnast vågnad på
jorda for individuell og åndeleg fridom».
NASJONALISMEN, REINDYRKT
Noreg er
eit ovfagert land. Høyr berre på kva turistane segjer, når dei kjem her for å
sjå fjell og fjordar, fossefall og fiskevær.
Men det
tyder ikkje at Noreg er eit betre land enn noko anna land. Fagrare å sjå til,
på mange plan, ja visst, men også det avheng av auga som ser. Inst inne er
korsom ikkje nordmenn det spor betre enn andre folk. I folkesjela hjå det
norske folket finst det like mykje grums som hjå andre folkeslag.
Det
viktige her er korsom at du merkar deg skilnaden millom «Ja, vi elsker», «Det
er et yndigt land» og «Du gamla, du fria!», «Stars and Stripes forever» og den
israelske «Hatikva» på den eine sida, og den upphavelege tyske nasjonalsongen:
«Deutschland, Deutschland über alles,
Über alles in der Welt,» [9] . Vispa
saman med Nietzsches syfilisperverterte tankar og tankane til tilsvarande
kvasifilosofar leidde dette til ei bloddrenkt jord [10] , der
ultranasjonalismen vaks seg so sterk at folk flest (’mensjevikane’) let seg
blinda av det røynelege mindretalet (’bolsjevikane’) og lukte augo for kva som
hende. Det at ein ikkje vil sjå det gale som hender, tyder ikkje at ein
unnslepp den straffa som fylgjer etter. Slik er lova om årsak og verknad.
Ekte, og
sunn, nasjonalisme handlar um at «her er eg fødd og her vil eg leva, og når
tidi kjem vil eg ogso døy her.» [11]
Det tyder
ikkje at ein person frå ein nasjon ikkje kan finna seg ein ny nasjon og eit
nytt folk å slå seg ned i, men ein må
kunna rekna for sannlikt at den det gjeld sjølv ynskjer å bliva
integrert i sitt nye samfund. Likeeins må det samfundet han/ho flytter til
visseleg kunna rekna med at vedkomande vil lata seg integrera, slik moabittinna
Rut, som trass i at hennar jødiske mann var daud, fylgde svigermor si til
Israel – og vart israelinne – «Ikkje tel meg til å snu att og ganga
frå deg! for der du gjeng, vil eg og ganga, og der du stanar, der vil eg og
stana. Ditt folk er mitt folk, og din Gud er min Gud. Der du døyr, vil eg
og døy, og der vil eg verta jorda. Herren late meg bøta for det no og sidan, um
noko anna enn dauden skulde skilja meg frå deg!» [12]
Samstundes
må
dette vera eit
personleg kjos, og kan i fridomens namn aldri tilskrivast statleg eller
religiøs overstyring.
Ein
muslim må vel reisa til Noreg og driva ’misjon’ for sin religion, for me har
religionsfridom i Noreg, so lenge han spelar med opne kort um kva han gjer.
Snikislamisering, femtekolonisering og invasjon – det takkar me nei til, for
det hamnar i same korga som undergravingsverksemd.
Me vil
gjerne eta både Injerawhot frå Etiopia, og Chop
Suey frå Kina og Chowder
frå New England, eller ei herleg skål Borsch frå Ukraina, med ein god rjomeklatt i. Men det
tyder ikkje at me vil påtvingast halalkjøt
gjenom manglande merking, eller
alternativt ved eit seinare leite å neittast å eta kjøtkaker i brunsaus med
kålstuing, og komler med saltkjøt og kålrotstappe.
Det
handlar um at ein person frå Langtvekkistan eller der i kring gjerne skal få
lov å kle seg nasjonalt på nasjonale dagar og festdagar – slik som me gjeng
klædd i bunad på tilsvarande dagar. Men ein gjeng då ikkje i bunad til dagleg,
gjer ein?
Tiedemand
og Gude sine nasjonalromantiske fantasiar av norske bønder i bunad til kvardags
er like utilpass i det daglege Noreg som muslimske kvende i Burkha – i det
daglege Noreg. Dette har ingenting med nasjonalisme å gjera – men botnar i
super- eller ultra-nasjonalisme, som er eit vrengebilete av røyneleg
nasjonalisme.
EIN KONKLUDERANDE
SLUTTDIGRESJON
I
Apostelgjerningane 17:26-27 stend det «Han [Gud] har late alle folkeslag av
eitt blod bu over heile jordkringen og fastsett deim visse tider og landemerke
for deira bustad, for at dei skulde leita etter Gud, um dei då kunde kjenna og
finna honom». Av det skynar me at nasjonsgrensene er noko som er sett av Gud, og
dermed kan me slutta at ogso nasjonalismen/fedrelandskjærleiken er gìven av
Gud. Guds mål er at folk skal søkja Gud og finna honom, og dét gjer det ogso
lettare å skyna kvifor sosialismen – i alle sine ulike nyansar gjer alt dei kan
for å vrengja nasjonalismen vekk frå sitt upphav.
Avdi eg
er ein sovoren nasjonalist, som umtala ovanfyre, og korkje ultranasjonalist
eller supernasjonalist, kan eg med handa på hjarta kvedja med i, «Ja, vi
elsker!»
Kan du?
[1]
http://www.aschehoug.no/barnogungdom/katalog?productId=862849
[2]
Då Lenin og Stalin byrja kampen for å breida ut sitt syn i det russiske
imperiet, var dei eit ’mindretalsparti’ – men valde medvite å bruka ordet
’bolsjevik’ av russisk большинство [bolshinistvo] som tyder ’fleirtal’, vel
vitande at dei ikkje var eit røyneleg fleirtal – noko dei i grunnen heller
aldri kom til å verta. Det motståande russiske ordet меньшинство [menshinistvo]
tyder mindretal – endå dei, i tal, var langt fleire enn ’bolsjevikane’ var.
Denne medvitne bruken av ordet ’bolsjevik’ (og språkvrenginga) var med andre
ord lykjelen til den propagandaen sosialismen bygde og byggjer på.
[3]
Her: forvitneleg parallell til Openberringsboki 22:18-19!
[4] Scott, Sir Walter: Marmion, Canto VI. Stanza
17
[5]
Nazisme, samandraging av Nasjonal og
Sosialisme frå partinamnet National Sosialistische Deutsche Arbeiter Partei
(NSDAP).
[6]
Norske medier har ein tendens til å vri
også på dette ordet, og kallar den sekulærnasjonalistiske politikaren Avigdor
Lieberman i Israel ”ultranasjonalist”, endå han berre er ålmenn nasjonalist –
med sekulært fyrenemning.
[7]
Det er ikkje dermed sagt at August von
Fallersleben la denne meininga i songen, men det gjorde nazistane.
[8] Churchill, Sir Winston: The Second World War,
Volume 1: The Gathering Storm, p.12
[9]
Norsk: ”Tyskland, Tyskland, over alle – betr’ enn
alle land på jord.”
[10]
Nytt perspektiv på ”blut und boden” –
blod og jord.
[11]
Kfr. Sveriges nasjonalsong, ”Du gamla,
du fria”: ” Nej, jag vill leva, jag vill dö, i
Norden.”