Prøv å forestilla deg fylgjande høve; du vert brått sjuk og
du må under kyndig handsaming, helst frå ein lækjar.
Du kontaktar fyrst fastlækjaren din, som seier; eg vil
leggja deg inn for å få klara opp i dette”, så fyller han ut dei naudsynte
dokumenta, og sender deg til sjukehuset.
Når du kjem til sjukehuset, ein torsdag midt på dagen, vert
du innskriven, men du får veta at ”det er ein vanskeleg dag å vera innlagd på”,
fordi det jo er snart helg, og lækjarane er alt ferdig med dagens runde, og
fredag sluttar dei tidleg, så det vert ikkje gjort noko med saka di fyre
måndagen kjem. Dermed får du ”velgja” mellom:
a) å
bli liggjande yrkeslaus på sjukehuset og venta på at det skal verta måndag.
b) å
reisa heim, bli heime i helga, og koma attende måndag morgon, i tide til at
lækjarane fær sett på deg.
Dei fleste vilde, så sant dei er i stand til det, velgja å
fara heim. Kven vil vel liggja på eit sjukehus og stira tomt inn i veggene i
overkant av 72 timar? Det ringlar ei bjølla frå ein av lærarane mine på
ungdomsskulen, som sagde det sosso: ”You’ve got to be patient, to be a
patient”.
Du reiser difor heim. Der kan du i det minste sitja saman
med familien din og sjå på TV, utan å gå ut på eit kaldt ”fellesrom” og sitja
like åleine som inne på rommet du er plassert på.
Måndag vender du attende, kring klokka 09:00…
So blir du liggjande å venta. Og venta. Og venta.
Lækjarvisitten kjem, men sidan det ikkje er tatt prøvar av deg fyre helga, er
ingenting analysert, og lækjarane veit ingenting. Etter visitten er over blir
du henta inn på eit undersøkingsrom og utsett for ein grundig undersøking. Det
vert teke blodprøve og ymse andre prøvar, du vert klemt og trykt og kjend på og
så vert du send inn på rommet ditt att, i von om å få eit svar ved
lækjarvisitten neste morgon. Men utover det, vert du liggjande i uvissa.
Neste morgon kjem lækjarvisitten på sin vanlege runde, men
du får ikkje vìta noko. Det tek tid å få analysert alle prøvane og få gjort ein
konklusjon kva det er som feilar deg, men du kjenner det på deg at du er redd
for at det kan vera kreft.
Dagen etter vert du fortalt av ein lækjar at også dei er
redde for at det kan vera kreft; i tarmsystemet ditt. Dette stadfestar tankane
dine, og du kjenner ein knute veksa fram i mageregionen. Du har ikkje lyst til
å døy, og kreft har jo ualminneleg stor dødsrate, då.
Det går ein dag til. Så får du veta at dei har sjalta ut
høvet for kreft. Det vil seia: I tarmsystemet. Men dei vil ikkje heilt sleppa
tanken på at det kan vera kreft likevel, så neste dag skal du innom ytterlegare
prøvar.
Slik går dagane. Til slutt kjem lækjarane til kort, og seier
at dei ikkje veit kva det er, men dei vil senda deg vidare i systemet, til eit
sjukehus med større ressursar og høve til å finna ut kva det kan vera. Du vert
utskrive, og sendt heim, men fortalt at du vil verta innkalla til det neste
sjukehuset innan 14 dagar.
Du går nokre dagar heime, og du har like vondt som fyrr du
blei innlagd, og det blir ikkje mindre vondt av uvissa du kjenner på.
Dagane går, du får dagleg hjelp av sjukepleiar som kjem heim
til deg, og etter tre dagar vert du innlagd på nytt. For så berre å verta
utskriven att dagen etter. Vissa har ikkje blitt større, men det har uvissa. Du
tærest opp innvendig – som det står i Salomos Ordspråk: ”eit nedtrykt sinn tek
margen or beini”.
- – -
Dette er berre eitt døme.
Her kjem eitt anna.
- – -
Du vaknar om morgonen, føler deg frisk og fin, og går i
dusjen for å gjera unna morgonritualet. Du skal ein tur til lækjaren for å
trekkja nokre sting etter eit lite kutt eit par veker tidlegare.
Medan du står i dusjen, kjenner du brått ei jagande smerte
gjenom underlivet. Du krøkjer deg saman som for å tryggja deg sjølv. Med nød og
neppe greier du gjera deg ferdig, kle på deg og koma deg til bussen. Smertene
er himmelropande.
Medan du ventar på bussen ringer du til lækjarkontoret sin
nødtelefon, og forklarar stoda. Dei seier: ”Kom med det same!” sidan du jo alt
er på veg. Eit kvarter seinare krekar du deg inn døra på lækjarkontoret – og
fell saman på golvet.
Då går det fort. Du blir undersøkt, det blir tinga
ambulanse, og du blir køyrt til det store sjukehuset i byen. Her blir du
diagnostisert og innan det er gått ein time ligg du på operasjonsbordet med
epidural i ryggen.
Meir hugsar du ikkje før du vaknar utpå kvelden.
Ei sjukesyster kjem til deg og forklarar kva som er hendt.
Du har hatt noko som heiter Testes-torsjon, som tyder at eine testikkelen hadde
løysna inne i pungen og vridd seg rundt, så blodtilstrøyminga hadde stogga. Men
no er alt i orden. Operasjonen var vellukka, og du er trygg.
Dagen etter ligg du der, og etter kor operasjonen var, har
du sjølvsagt ”litt vondt”. Men utpå kvelden kjem ein lækjar og seier til deg,
at du vert utskriven no, og kan reisa heim att.
Du ser på lækjaren med lammeaugo, og klarer å overtyda han
om at du får liggja ei natt til før du vert utskriven.
Dagen etter ber det heim att, med helsebuss til heimkommunen
og derfrå med drosje til heimen.
Dagen går sakte, og du greier deg – etter stoda bra,
liggjande i senga. Knaskande Paralgin Forte, og med TVen på veggen fyre deg.
Den natta snur alt seg på hovudet.
Først vert det torevér og den lokale mobilsendaren vert
slegen ut. Det som verre er, er at det går verk i operasjonssåret – og du
vaknar med ein testikkel som er ein elefant verdig, og ein smerte som ikkje kan
malast ut i ord.
Du ringer 113; så vondt gjer det.
Men mobilnettet er nede, og det tek tre timar før du kjem
gjennom. Så vert du henta av ambulanse og køyrd til sjukehuset, kor du vert
liggjande heile dagen med smertestillande. Før du klokka fem vert send på
ultralyd, og klokka sju får høyra at du får ny medisin og vert send heimatt
same kvelden.
Du har framleis like vondt og ligg yrkeslaus i senga og
ventar. Og ventar. Og vonar, at smertene skal avta og normallivet skal venda
attende. Men tre dagar seinare er det framleis like gale, og du ringjer 113 og
tiggar om hjelp.
Ambulansen kjem, du får ein halv dose morfin, og litt
seinare ein halv dose morfin til. Du vert operert på nytt, og får ny medisin.
Denne gongen vert du liggjande til du er frisk.
- – -
I ein tidlegare Sovjetrepublikk skjer noko liknande som det
fyrste dømet. Du må rett nok betala for sjukebehandlinga sjølv, men det første
som skjer når du kjem inn på sjukehuset er at ein lækjar møter deg, snakkar med
deg, stiller nokre spørsmål – og tingar eit veritabelt hav av ulike testar.
Innan det er gått 24 timar har dei fått svar på nokre av testane, og innan 48
resten. I mellomtida har dei dryfta saka di seg imellom i eit lækjarpanel, og
”sjekka ut” kva det ikkje kan vera.
Etter ei veke på sjukehus har dei identifisert problemet, og
om mogeleg fjerna problemet. Du vert rekonvalesent eit par dagar – og så vert
du sendt heim. Livet går atter sin vane gang.
- – -
I USA vert ein annan mann det same til del som deg, og han
vert køyrd til sjukehuset. Lukkelegvis har han forsikring. Han vert operert, og
medisinert, og i løpet av ei veke er han attende på føtene og får reisa heim.
Han blir ikkje rista som ei filledokke, innskriven, utskriven, innskriven og
utskriven, innskriven og utskriven igjen.
Men blir liggande til han er frisk.
Jamen, det er så dyrt i USA…
Ja, det er dyrt i USA. Til tider altfor dyrt. Det skal eg
ikkje dryfta her.
Men er det sikkert at det er så mykje billegare i Noreg? Når
alt kjem til alt? Eller er det berre det at du aldri får vita kor mykje det
kostar – og derfor slepp å bry tankane dine med det problemet?
Du får vurdera det sjølv. Hugs kor mykje du betaler i
skattar og avgifter her til lands.
- – -
Kan henda finst det ikkje noko ideellt helsesystem nokon
stad. Men Noreg er langt frå so ideellt og so bra som me trur.
Men i andre land vert det gjort alt som står i lækjarane si
makt for å finna problemet, anten det er måndag, tysdag, onsdag, torsdag,
fredag, laurdag eller sundag. Anten det er påske eller jól. Der hev ein
skiftsystem for lækjarane, som ikkje gjer at sjukehuset går på sparebluss fordi
det er helg.
Det er fyremuna med eit privat helsesystem.
I det statlege vert pasienten salderingspost. Og det er
difor me ser det som har vore sagt og skrive i seinare tid, at jo eldre du
blir; jo vandskelegare kan det bli å få det du etter velferdsstatprinsippet har
rett på fordi du har betalt deg blå gjenom eit skyhøgt skattetrykk og
vanvittige avgiftsregulativ.
Det er nemleg slik at til sjuande og sist er det du som
betaler allikevel. Men i eit privat system, der får du i det minste det du
betaler for.
- – -
Stakar Amerika, som no skal omkalfatrast til å få eit
liknande system som Noreg. Det kjem til å bli betre for dei fattige, kan henda,
men for middelklassen kjem det til å bli mykje, mykje verre. Er det so mykje betre? Er det rettferdig?